Ressursside for voldtatte
Språk Språk

Partnergruppe på DIXI Ressurssenter

Takk for kosleg informasjonsmøte på DIXI!
Om du har lyst til å vere med på partnergruppa er det framleis mogleg. Send ein mail til blessom@hotmail.com dersom dette er noko for deg. Vi startar opp fyrstkommande tysdag (21.februar) kl.18.00-20.00.
Gler meg til å sjå dykk!
Helsing Ingrid Blessom

DIXI Ressurssenter i Oslo inviterer til partnergruppe

Å ha ein partner som har vore utsett for valdtekt kan vere utfordrande. Mange kan vere usikre på korleis ein som partner skal møte desse utfordringane.  

 

I partnergruppa vil vi ta for oss: 

  • Korleis det kan påverke ein person å vere utsett for valdtekt.
  • Korleis det kan vere å leve med ein partner som har vore utsett for valdtekt.  
  • Korleis ein som partner på best mogleg måte kan takle desse utfordringane. 

Partnergruppa vil vere ein plass der ein kan møte andre i same situasjon, Her vil det være rom for å dele erfaringar, gje råd, og få veiledning.

Det vil vere informasjonsmøte tysdag 14. februar kl 18.00 – 19.30 på DIXI der du får møte meg, og eg vil fortelje litt om korleis eg tenkjer meg at gruppa skal fungere.

Gruppa møtes tysdag kveld annankvar veke frå kl 18.00 – 20.00 på DIXI. Gruppa vil gå over seks kveldar.  

Tilbodet er heilt gratis og du er hjarteleg velkomen! 

 

Venleg helsing Ingrid 

 

 

Eg (Ingrid) har dei siste to åra jobba ved IKST (institutt for klinisk sexologi og terapi) som terapeut, både i samtalegrupper, parterapi og med enkeltpersonar. Her har eg jobba med med ulike sider av seksualiteten vår – både den skjøre, vonde og vanskelege, og den gode og inspirerande.

 

 

Velkomen på informasjonsmøte! 



 

 

Dersom du lurar på noko kan du kontakte DIXI på telefon 22 44 40 50
eller e-mail: dixi@dixioslo.no 

| Mer++
DIXI - Støtt kampen mot voldtekt
Følg oss på facebook!
Loveleen Brenna presenterer sin nye bok
PÃ¥melding innen 23. april! Velkommen!
Kreativitetskveld på DIXI første onsdag hver måned
Første kreativitetskveld er onsdag 2. mai kl 18.00 – 20.00.
Langsiktig helingsprosess i etterkant av voldtekt
Av Malcolm Parlett, Ph. D og Bjørg Tofte, MA
Hysj, ikke snakk om voldtekt
Seksuelle overgrep blant fremmedkulturelle
Erstatning etter vold og overgrep
Av advokat Thomas Benestad, advokatfirmaet Salomon-Johansen ...

DIXI Ressurssenter Oslo

Åpningstider: mandag,
tirsdag, torsdag og fredag
kl. 09.00 – 15.00 og
onsdag kl 09.00 – 20.00

Epost: dixi@dixioslo.no
Telefon: 22 44 40 50
Mobil: 930 58 070
Faks: 22 44 40 55
Besøksadresse:
Arbinsgt. 1, 3 etg.
0253 Oslo
Se kart

Webside-kart